Meny

Søk

Nyhetsbrev

HEIMDAL KIRKEHeimdal kirke
17.11.2010
Vil du lære mer om Heimdal kirke? Denne artikkelen av Jarle Vingsand ble trukket frem i lyset i forbindelse med kirkens 50-årsjubileum i 2010, og gir oss historien til bygget.

Heimdal kirke
Av Jarle Vingsand

Heimdal Kapellforening vart stifta i 1932 etter initiativ av biskop Johan Støren og prost Arne Skjånes, som da var sokneprest i Klæbu prestegjeld.  Stasjonstettstaden Heimdal hadde på den tida kanskje 4.000 innbyggarar, eller drygt halvparten av  folket i Leinstrand og Tiller kommunar.  Frå Heimdal var det kring ei halvmils veg til både Leinstrand og Tiller kjerke.  Første formann i kapellforeninga var lensmann Eyvind Stav.  Han var og formann da kapellforeninga vart nedlagd.  Parallelt med kapellforeninga verka ei kvinneforening og barneforeninga ”Lysglimt”.I 1943 kjøpte Kåre Romulsli  3 mål tomtegrunn til kapellet, og i 1951 vart attåtkjøpt 3,5 mål.  I 1950 tok kapellforeninga kontakt med arkitekt Arne Flå.  Men utkasta hans vart ikkje godkjende.  Så kom det utkast frå arkitekt Borgersen og frå bygningssjef Hermann Semmelmann.  Den siste fekk i 1958 i oppdrag å planlegge kapellet.  Samme år vedtok Leinstrand kommunestyre at no skulle kapellet bli bygt.

 Tomta vart rydda ved dugnad, og byggearbeidet starta i 1959.  Grunnsteinen var nedlagd 11. oktober, og Allehelgensdag 1960, 6. november, vigsla biskop Arne Fjellbu kapellet.  6 prestar assisterte ved høgtida.  Samla byggekostnad var kr. 499.804, og av dette kom kr. 110.000 frå kapellforeninga.

 Grunnplanen er i T-form, med våpenhus og skip på 150 kvm i midten. Skipet har eit galleri, der orgelet er plassert.  Nordflanken med 32 kvm har sakristi og kontor, toalett og arkivkott.  Sørflanken hadde ein møtesal på 49 kvm.  Denne kunne koplast til skip og kor med skuvedører.  Frå sørflanken var det nedgang til sokkel og reserve utgang.  I sVåpenhusokkelen var det kjøkken og to toalett.

 VÅPENHUSET.

 Inngangspartiet i kjerkene har frå gammalt namnet ”våpenhus”.  Der måtte karfolka sette frå seg økser og andre våpen som dei hadde med som verje på¨kjerkevegen.  Inn i sjølve kjerka skulle ingen bere våpen.  Våpenhuset vårt er trongt og lite.  Her er nedgang til sokkelen og trapp opp til orgelgalleriet.  I vindfanget er oppslagstavle med plakatar og mange brosjyrar.  Her står og ein kasse for innsamling av lysestumpar.  Lysestumpane blir sende til omsmelting på Bakksetra i Orkdal.

 Før var det utvendig trapp med to trinn, men sommaren 2004 vart terrenget omforma slik at inngangsdøra no er i flukt med bakken utom.  Dette gjorde det sjølvsagt lettare for rullestolbrukarar og folk som er dårlege til beins.  Men framleis må rullestolbrukarar gjere omvegen om gata for å komme rundt og ned i sokkelen, der m.a. toaletta er.

 SKIPET OG KORET.Midtgangen i skipet

 Skipet er rektangulært og etter måten breitt i høve til lengda.  Koret er heva to trappetrinn i høve til skipet, men går elles i eitt med skipet.  Over koret er takhimmelen nedfora og gir m.a. plass til ventilasjonskanalar.  Skipet har maksimalt plass til 216 personar.  I tillegg er det 6 stolar i koret.  Bortsett frå altertavla er det ingen veggdekorasjonar i skip og kor.

 Frå starten var det grått vinyldekke på golvet og faste kjerkebenkar med ryggstø.  På slutten av 1980-åra fekk golvet parkettdekke, og benkane vart utskifta med stoppa stolar i umåla furu og raudt stoltrekk.  Kring halvparten av stolane har hylle bakom for salmebok og slikt.

 I koret står 6 utskorne stolar som brørne Gunnar og Kåre Quenild laga og gav til kapellet.  Dei to største, ”brurastolane” er kopiar av ein stol frå midten av 1800-åra som lensPrekestolmann John Stav arva etter forfedrane sine.  Dei 4 andre stolane er i samme stil, men noko mindre og utan armlenar.Det var Gunnar som hadde skore ut stolane, men han døde før innviinga av kapellet.  Brørne gav og dei to klokkene i tårnet.  På begge klokkene står inskripsjonen ”Gitt til Heimdal kirke av Gunnar og Kåre Quenild år 1960”.  På den misnte klokka står dessutan ”Klokke ring Glede” og Kristusmonogrammet, og på den største står ”Klokke ring Fred” og fredsduesymbolet.  Det var truleg desse snekkarbrørne som først nytta namnet ”Heimdal kirke”.  Folk flest sa ”Kapellet”.  I 1961 gav Kåre Quenild også 50 taburettar til kjerka.

 Det var Magnar Søbstads snekkarverkstad som stod for finsnekkeringa i bygget.  Søbstad laga preikestol, døypefont, kjerkebenkar, altar og altarring etter teikningar av Semmelmann.  Men døypefonten vart betalt av apoteker Raum Eide og kona.  Preiksetolen er utsmykka med kornakts i messing og har teksten: ”En saamand gikk ut for aa saa.  Sæden er Guds ord.”  Døypefonten er utsmykka med ei due med trieinigsymbolet i nebbet.

 Det var Kjerstin Øvrelid som måla altarbiletet.  Ho var dotter av distriktslegen her.  Ho valde å lage tavla tre-delt.  I midtfeltet er Jesus og personar som ønskjer at han skal velsigne dei.  I venstre felt er såmannen og i høgre felt fiskaren.Tavla var før montert i bakenden av altarbordet, men ho vart i 2004 teken laus og montert på veggen bak.  Altarbordet vart så flytta litt lenger fram.Alter

 Den første altarduken var gåve frå Gjertrud Solberg og var sauma av søstera Arnfrid.  Seinare kom ein duk sauma av Unni Windspoll.  Det er no under arbeid ein tredje altarduk.  Oppå altaret var plassert ein stor bibel i praktutgåve.  Han var gåve frå sjukesøster Engel Viken.  To blomstervasar i sølv var gåve frå entreprenørane.  Tiller kommune gav to lysestakar i sølv, og barneforeninga ”Lysglimt” gav både to sølv lysestakar, oblateske, dåpsfat og dåpskanne.  Heimdal Menighetsfakultetsforening gav sølv nattverdskalk.  Ingeborg Alfarnes gav forhenget bak preikestolen og pulpiturkledet og koppar til kjøkkenet.  Det var og mange andre som kom med gåver til kapellet. 

 For nokre år sia kom tilsynsføraren for kjerkebygg på besøk.  I samband med besøket vart drøfta korleis ein skulle få betre kontakt mellom hovudskipet og det som etter kvart hadde vorte sideskip. Kjerkevergen tente på ideen om å ta hol på veggen mellom skipa, og etter teikning av arkitekt Nils Henrik Eggen vart det gjort opning og laga rampe for rullestol.  På samme tid kom det lysglobe til kjerka, laga på verkstaden til Tunga kretsfengsel.  Salmetavlene vart plasserte slik at dei er synlege for mesta alle i kjerka.  Det er Sideskipvurdert å kjøpe inn større tal.

 På galleriet er montert eit orgel som var levert av Norsk Orgel- og harmoniumfabrikk i 1961.  Orgelet vart først plassert heilt inntil vestveggen.  Dette var uheldig, ikkje minst for di det var 3 vindauge på denne veggen, inntil orgelet.  Resultatet var at organisten rett som det var, laut krype inn i orgelkassen og reinstemme orgelpiper.  I 1993 tok organist John Bæverfjord affære, demonterte heile orgelet og isolerte veggen bak Orgelorgelet.  Han flytta orgelet litrt fram, slik at det og vart plass til orgelvifta.  Han isolerte og inni orgelkassen, slik at det vart mindre bråk av orgelmekanikken.  Eit ekstra pluss var at organisten no fekk eit lite rom med arbeidsbord og notehyller.

 Det er ein stor ulempe at galleriet ikkje gir rom til større korgrupper enn maksimum 15 personar.

 Kapellforeninga kjøpte i 1963 inn eit rimeleg piano til møterommet.  I 1998 vart dette utskifta med eit godt Sauter-piano.  Eit litt mindre Sauter-piano vart samstundes innkjøpt til sokkelen.

 I vindaugkroken mot nordaust er eit lite skap for salmebøker og slikt.  I koret har Helmer Mørreaunet levert tre småbord for særkalkar og offerskål, og siste vinteren han levde laga han og ny lesepult.

 I sideskipet er ein eigen, liten andaktskrok med altarbord og bakgrunnsklede.

 SAKRISTI OG KONTOR.

 I sakristiet er det ei lita sittegruppe og eit lite altarbord med bedeskammel.  Rommet var oppussa i 1995 på dugnad, men med tilskott frå kjerkevergen.  På bordet står ein liten Kristusstatuett og på veggen heng eit kors, gåve frå Birgittasøstrene på Heimdal.  På bordet er lysestake og bibel.

 Det som var tenkt som kontor for presten, er no kontor for kjerketenaren.. Men her er og skåp for kjerketekstilane og arkivkott.  Kjerketekstilane er sauma på dugnad.  Gåve frå Kåre Romulslis fond har gjort det mogleg å få laga 4 nye messehaglar i dei fire fargane i kjerkeåret.  Anne Grethe Stjern, Ingunn Dahlin og Hildegunn Yrke teikna og sauma, og Helmer Mørreaunet laga ekstra store kleshengarar.

 KLOKKETÅRNET.

 Klokketårnet er bygt separat og skilt frå kjerka med eit trappelaup.  Inne i kjerka er klangen av klokkekiminga derfor veik.  I slutten av 1990-åra vart inngangsdøra til tårnet utskifta.  Men døra vender mot vest, og ho er utsett for både slagregn og for vatn som renn nedover tårnveggen.  Menighetsrådet har fleire gonger prøvt å få kjerkevergen til å bygge takframspring over inngangsdøra, men hittil fåfengt.

  BÅREHUS OG REIDSKAPSBU.

 Like oppom klokketårnet er eit bårehus med plass for to bårer.  Bårehuset manglar kjøleinnrening og blir derfor lite brukt.  Det trengst også restaurering.

 Vegg i vegg med bårerommet er reidskapsbu for kjerketenaren.  Inngangsdøra er 70 cm over bakkenivået.  Det seier seg sjølv at det er trasig å løfte opp tunge plenmaskinar så høgt.  Rommet er dessutan for lite, og menighetsrådet har søkt om å få påbygt rommet og lagt golvet ned på bakkenivå.

 SOKKELEN.

 Frå starten var det ikkje tenkt å nytte sokkelen til anna enn kjøkken og to toalettrom.  Men i 1971 vart det løyvt kr. 20.000 til oppgradering, og ved dugnad vart pussa golv og vegger, måla og montert varme og lys.  Romma var så nytta til ulike møte og til samling for speidarane.

 Ei stor, testamentarisk gåve etter lærar Ingeborg Ofstad gjorde menighetsrådet i 1993 i stand til full rehabilitering av sokkeln.  No vart og rommet under sakristifløya utgrave.  Her var steinhard leire i grunnen, og tungt arbeid.  Takhøgda var låg, men ikkje å gjere noko med.  Det vart sett i stand 4 møterom, større kjøkken, tre toalettrom og to buer.  No kom mange ulike aktivitetar i gang.  Husstyret sørga for at det litt etter kvart vart monterte hyller, plakattavle, garderobehyller og lysskjermar for audiovisuelle hjelperåder.  Det vart og kjøpt inn nye bord og stolar og nye møblar til Ingeborgstua og til ungdomsrommet.Undervisningsrom

 Men så kom katastrofen.  11. januar 2003 slo det brått om frå kaldver til mildver og regn.  Da kjerketenaren kom på plass denne søndagsmorgonen, stod det oppimot 10 cm vatn på golvet i sokkelen.  Overvatnet vart jo straks fjerne, men trass i at to byggtørker stod på for fullt eit par veker, vart golvet ikkje tørt.  Etter ei tid begynte somme å reagere allergisk på soppsporar som ventilasjonsanlegget førte rundt i bygget.  Organisten vart sjukmeld for all teneste i kjerkebygget.  Alle rom så nær som kontoret var gjennomsyra av sopp.  Heile kjerka vart stengd for bruk i fleire månader.  Dei kjerkelege handlingane vart utførde i Misjonssalen på Heimdal.  Etter at ventilasjonsopningane var attetta og kjerka vaska, kunne ein ta i bruk hovudetasjen att.  Omsider vart kjerkevergen og forsikringsselskapet samde om å legg om drenssystemet rundt kjerka, og restaureringa kunne ta til.  I sokkelen måtte golvdekket og mykje av veggkleding fjernast og fornyast.   Menighetsrådet vedtok å dekke meirkostnadene med å legge golvflis på alle golv, og ein del av veggen mellom storstua og Ingeborgstua vart teken ned.  I midten av november 2004 kunne menigheita endeleg ta sokkelen i bruk att.

 Samstundes med at Torbjørn Nordtiller sette i gang maskinar til legge nytt drenssystem rundt bygget, vart utearealet ved hovudinnganen omforma slik at inngangsdøra vart i plan med bakken utom, og uteplassen vart steinsett.  Menighetsrådet dekte største delen av steinsettinga.  Samla kostnader vart kr. 626.955, av dette på menighetsrådet kr. 155.387.

 FRAMTIDIGE BEHOV.

 Mykje av pussen på ytterveggane er dårleg og har delvis losna frå betongen.  Mykje treverk i vindaugsrammer og tårngluggar er opprotna.  Himlinga i kjerkeskipet har mørke flekkar, truleg på grunn av kondens.  Kjerkevergen vurderer eit krafttak med ulike vedlikehaldsarbeid.  I samband med dette har menighetsrådet nedsett ein komite for å vurdere eventuell utbygging av kjerka.  Heimdal menighet har om lag 12.500 medlemmer, og kjerka er alt for lita.

 Parkeringstilhøva ved kjerka bør og bli formaliserte.  Der folk i dag parkerer, er Sanitetsforeninga grunneigar.  Kjerka sjølv har parkeringsplass for toppen 5 bilar.

 Heimdal kjerke har nytt godt av svært stor dugnadsinnsats av mange menighetsmedlemmer, både i arbeid i sokkelen og til ulikt vedlikehaldsarbeid.  Truleg kan ein og i framtida håpe på dugnadsinnsats.  Men hovud-ansvaret ligg på kjerkevergen og i siste instans på kommunen.

 

Heimdal, 10.03.05.

 

Jarle Vingsand.

Foto: Endre Ofstad

    Heimdal 1960
Disse to bildene er levert av Erik Johannes L Kvam



















Heimdal 1960 2

Gudstjenester
Ingen aktiviteter
Tidl. aktiviteter

Bestilling av dåp

Bestilling av dåp

Påmelding til konfirmasjon
Konfirmant 2015

Bestilling av vigsel
Bestilling av vigsel

Det siste

Innlogging

Heimdal menighet
Heimdalsveien 4
7080 Trondheim

Kommentarer til sidene sendes til:
post.heimdal@kirken.trondheim.no

Telefon 4685 5625